lørdag 17. juni 2017

Styrke og Via Ferrata i Loen

Via Ferrata i Loen.

Ein slik ting som har festa seg i meg at eg har lyst til å gjere. Kvifor? Litt vanskelig å sei. Eg er ikkje interessert i klatring. Eg går lite i fjellet - men liker jo følelsen når eg kjem på toppen. Så skulle det ha seg slik at vi får besøk fra USA seinere i sommer, og vi tenkte at det kunne være noko å ta dei med på. Men med mitt forhold til fjellet så måtte vi nesten teste det ut før vi kunne sei at det var noko vi skulle ta gjestene med på.

Her er vi før start;

Rett opp på bildet ved hjelmen til Inge kan du sjå kvar det var vi skulle klatre. Først var det grusvei til starten på stien og her kan du sjå på filmen korleis det såg ut der - vi var superheldige med været i starten;


Opp hit tok det ca 15 minutt. Her rann det ei elv der vi kunne fylle vatnflaskene våre (for siste gang). Så vi drakk oss utørste og fylte flaskene. Så var det å begynne på stien. Det er ein bratt sti - nesten som trappetrinn. Etter ein liten time kom vi til der klatringa skulle starte. Vi diskuterer litt om det er klatring - vi har altså ein sele rundt livet og beina - og så har vi to karabinkrokar som vi fester i vaieren etterkvart som vi klatrer opp. Nokre plasser er der sprekker i fjellet vi kan klatre i - andre plasser er det loddrett og ingenting å stikke foten inn i  - der må vi berre gå oppover fjellet. 

Her kan du få eit lite inntrykk av kor bratt det er. Når eg ser bak meg nedover ser eg berre hodeskallane/hjelmane på dei andre. Ei venninne hadde fortalt meg at det vart mykje venting når vi klatra - og det gjorde at eg var avslappa i forhold til om eg kom til å klare det. Fleire ganger kom eg til ein plass der eg tenkte - kva i granskauen gjer eg no? Men somregel så var det jo berre å sette beina i fjellveggen og gå seg oppover. "berre"


Så kva har dette med styrke å gjere? Dei av dåke som kjenner meg veit at eg bruker mest tid bak symaskina og på yogamatta. Eg trener så og sei aldri - da eg kaller ikkje yoga trening. Yoga er noko anna. På yogamatta blir eg sterk - uthaldande. Dei siste vekene har eg om morgonen gjort nye yogatimer (som eg finner på gaia.com) og det som er så fint med dei er at eg aner aldri korleis timen er. Og det kan eg godt sammenligne med klatringa i dag. Eg visste aldri korleis neste etappe var - og det var berre å ta ein etappe om gangen. Ein etappe er ca 2 meter. Eg ante aldri korleis etappen etter det var. Nokre ganger henta eg fram urkreftene og heisa meg opp etter armane. Her kunne eg sikkert brukt tauet meir og strake bein, men det gjekk no fint. 

I videoen under er vi nesten komt opp til hengebrua. Mange i gruppa snakka om kor gøy det var - men nei, den følelsen hadde eg ikkje i det heile. Eg var stolt over med sjølv at eg gjennomførte - samtidig var der aldri tanker om at eg ikkje kom til å klare det. Det var ein god følelse å ha dei kreftene som skulle til for å komme seg opp. Og også ein god følelse å ikkje reagere på høgden i det heile. 

Utsikten er rett og slett fantastisk. Og følelsen av at eg kom opp ein plass der du ser berre ingenting fordi det er så bratt - det er ein god følelse. No er det berre resten att. Ein liten smakebit av hengebrua ser du her; 


Ein kort video - eg måtte halde meg fast. 

Siste rest gjekk veldig bra det og. Eg veit ikkje om det er ein tur eg vil anbefale nokon å gjere. Det blir litt som med yogaen - det må komme innanifra. Jaja, eg anbefaler jo yoga også - om enn mindre enn før. Etter hengebrua hadde vi ein liten pause før vi tok siste rest. Og på toppen - ein fin restaurant der vi spiste oss ein burger. Deilig mjukt teppe å gå berrføtt på - regnet som hølja ned - vi var så heldige - regnet kom ein halvtime før vi var framme. 

Eit lite klatrebilde. 


Hengebrua

Og vel framme; 


Eg er takknemlig for styrke, at eg ikkje er redd for høgder og uthaldenheit - og godt turfølge :-) 


søndag 19. mars 2017

Fasten er over


No er det dag 11 sidan eg begynte å faste - og eg avbraut fasten i går kveld. 

Det har gått overraskande godt. Eg har tenkt mykje på kva eg skal ete når fasten var over, og i dag er eg her. Dagen i går brukte eg mykje på matlaging. Det eg lagte var ting eg har drømt om lenge, men som ikkje er blitt prioritert. Det første eg sette i gang med var rugbrød. Eg fann ei oppskrift på nettet som eg gjorde litt om på. 

Brøda vart gode og eg fekk heile fire brød. Tre av dei er delt i to og ligg i frysen. Rugbrød blir det nok primært eg som et i familien. 

Vidare hadde eg lyst til å lage granola - eller frokostblanding. Her brukte eg ein blanding av nøtter og frø og havregryn. Det finnes drøssevis av oppskrifter på nettet på dette - om du blir inspirert til å lage så finn ei oppskrift som klinger i deg og bruk den. Smak og behag er så forskjelig. 


Eg kan no berre sei at den vart supergod! 

Så om kvelden avbraut eg fasten med herlig vegetarpizza. 

Eg har spist minimalt med kjøt sidan før jul, og det passer meg heilt fint. Eg har litt ulikt vegetar alternativ i frysen når resten av familien har kjøt til middag. Dette er noko eg har lengta etter i mange år og eg er takknemlig for at eg er komt der eg er i dag. 

Men så - ein stor overraskelse. Eg kjøpte også ei flaske vin der eg trudde eg skulle kose meg med til pizzaen. Men fy og fy. Den smakte sukkerlake. Så noko har skjedd med smaksløkane mine. Denne kvelden vart eit takk og farvel til Beringer California :-( 


Dette er ein rosevin eg har drukke dei siste åra, eg får migrene når eg drikk alkohol, men denne har eg kunne drukke eit glas av (eller tre). Som regel når det stikk på tunga veit eg at dette kan eg ikkje drikke. Denne gangen vart eg overraska over at det eg har likt i mange år, no var ikkje godt i det heile. Er smaksløkane skjerpa etter fasten? 

For meg har det vore ein positiv opplevelse totalt. Eg har vore mykje svolten uten at det har vore eit problem. Eg veit at når eg faster neste gang så skal eg ikkje halde meg til fire måltid (ei halvliterflaske kvar gang) men eg skal drikke nokre slurkar kvar gang eg er svulten. Framover kjem eg til å faste ein dag i veka og av og til tre dager. 

Skal du faste anbefaler alle nettsider eg har vore inne på at du først går til legen og blir enig med legen om at dette er ok å gjere. Spesielt om du går på medisin er dette viktig. 

Eg håper med dette at eg har rensa kroppen tilsrekkelig og at eg vil halde meg her ei tid. Eg er spent på om vatnet kjem tilbake eller kva som skjer. 

Kva er mine forsett framover? 

Spise godteri kun lørdager. 
Spise meir rein mat. 
Faste ein dag i veka. 

Ta meg tid til å lage maten fra bunnen av og kose meg når eg et. Være til stades. 

Og på syrommet? Der skal eg alltid ha eit glas med vatn som eg tyr til der eg ellers ville strukke handa ut etter skåla med snop. 

Dersom du vil utforske om du vil faste - eller kvifor du ikkje har sylyst - eller noko anna som du er opptatt av eller som utfordrer deg så gir eg zencoacing timer. Prisen er 750 kroner for ein time og kan gjerast via skype eller telefon. Send sms til 99274877 for å avtale tid. 

Tusen takk :-) 

Desiree

fredag 17. mars 2017

Nest siste dagen

Det er rart med det. Ei faste endrar litt kva eg ser. Kva eg føler. Kva eg tenker.

Og det endrer også kva eg ser på youtube. Eg har jo briska meg med at eg ikkje ser tv, og det er sant.

Men eg ser youtube.

Så eg kom over denne videoen om den beste dietten i verda. Eg er gla for at Skandinavia kjem høgt opp, sjølv om eg ikkje heilt kjenner meg att i den maten som vart presentert.

Men - filmen - den er bra. Og den viser kva problemet er med feil mat. Den tar for seg ei liste med 50 land/stammar/religiøse grupperinger og jobber seg nedover til det sunnaste landet.

Sjå sjølv - og så kan du jo reflektere litt over din eigen tallerk med mat - og kva du har i glaset ditt.

Verdens beste diett


Med meg går det bra. Vi er blitt enige om at vi skal avbryte i morgon kveld. Vi får besøk i helga fredag til søndag, og vi har lyst til å ha eit felles måltid der alle et lørdag kveld. Og eg innrømmer det lett - mat er også kos i tilleg til at eg et fordi eg er svulten.

Alt det beste til deg -

Desiree

onsdag 15. mars 2017

Sukker - dag seks i fasten - eller er det dag sju?

Så langt er det komt. Eg er gått i surr.

Eg må sjå på kva eg har skrevet ned for å hugse kva dag eg er komt til.

Når eg tenker meg om er lørdag siste dag, så da er det tiende dagen.
Fredag - ni. Torsdag - åtte og da blir onsdag sju.

Eg tenker ein del på kva eg skal ete når fasten er over. Eg veit eg
har vore avhengig av sukker. Sukker har for meg vore ei trøyst,
trøyst når eg følte at - huff - stakkars meg ditt og datt. Det har og
vore belønning - flinke deg - her har du litt sukker :-)

Vel - no går eg med tankar om å spise slikt kun på lørdagen.
Eg veit. Dette er ikkje noko nytt. Mange gjer det. Men eg har ikkje gjort det.

Eg går også med tankar om å ete sunnare. Eg veit eg vil sette meir pris på kva eg et - det er i alle
fall sikkert.

Men sukker. Det er farlige greier det. Så eg skal prøve å halde meg unna.

Svolten? Ja. Ja, eg er svolten i løpet av dagen. Men juicen eg drikk er veldig god.

Og her har du ein Ted-talk om sukker. Robert som snakka hadde ein forelesning på 1,5 time om kor farlig sukker er - men den vart veldig komplisert. Så her skal du få den i litt lettare format;

Sukker - elefanten i kjøkkenet

Eg veit at fasting er bra for fordøyelsessystemet. Det får ein liten ferie liksom.
Og eg tenker at det skal få ein slik ferie to dager i veka framover, etter fasten.

Så får vi sjå.

Eg kan ikkje sei at eg har trengt styrke. Eg har berre visst at det varer i ti dager. Og eg veit også
at kroppen er veldig takknemlig.

Desiree

tirsdag 14. mars 2017

Faste dag 5 - ei lita oppdatering

I går skjedde det eit uhell i heimen.

Når eg kom heim måtte tvillingane fortelle at dei hadde klart å søle kaffi ned i pc-en som eg bruker til blogginnleggene mine.

Så difor - ingen blogginnlegg i går fra dag 5.

Dag fem gikk bra. Eg valgte å droppe styrkeyoga-vil jo ikkje besvime av utmattelse - så det vart kun yin-yoga på meg. Eg kjente meg lett og rolig i kroppen, og det går overraskande bra å ikkje ete noko.
Eg veit jo at juicen er super næringsrik - og at eg har lagra noko fett på kroppen så den kan tære på når den treng energi.

Eg tenker mykje på mat - det skal eg sei. Mest på kva eg har lyst til å ete når eg begynner å ete igjen, og også at eg har lyst til å legge meir sjel i det eg lager.

Aller helst vil eg lage god vegetarmat, og vurderer å reise til Stavanger for å besøke Ina Lukute og gå på kurs med henne.

Lurer du på å faste? Sjå filmen i det første blogginnlegget, der finn du informasjon. Du kan også søke opp Joe Croe. Her er ein super video fra youtube;

Kjekke Joe juicer sunn juice

Fin dag til deg!

Desiree

søndag 12. mars 2017

Faste - dag 4 av 10


Dag fire har gått veldig bra. Men så har eg også hatt ein veldig rolig dag. Johannes synest det er kjekt å være med å juice, så det hjelper på. Familien støttar meg og det er også veldig bra. I dag og i går har eg lukta ein del på mat. Og mat lukter veldig godt. Eg legger merke til at ein stor del av opplevelsen er jo lukta. Men eg synest foreløpig ikkje synd i meg sjølv fordi eg faster - og eg håper eg ikkje kjem til å gjere det heller.

Normalt så har eg mykje dårlig samvit for det eg et, enten det er det eine eller det andre. Så det slepp eg i alle fall når eg faster. Under ser du Johannes i sving med å lage juice;


Eg ser at videoen ikkje virker. Eg skal laste den opp på youtube og ordne det litt seinere i kveld.


Så eit bilde av det som blir til overs når vi har juica. Veit du - eg klarer ikkje hugse om eg posta dette bildet i går, men eg trur ikkje det. Om eg gjorde det så får du bære over med meg.


Kvifor skriv eg blogginnlegg om dette? Eg trur det kan finnast andre der ute som har lurt på å faste, og om eg kan inspirere andre til å gjere det så er det kjekt. Inspirasjon kan komme fra så mange plasser.

For dei som lurer på vekta - så kan eg fortelle at eg til no har gått ned tre kilo. Utfordringa eg har hatt tidligare har vore at eg har hatt mykje vatn i kroppen. Eg er spent på om dette vil forandre seg etter fasten. Ei faste får ut masse avfallstoff av kroppen, og det kan være avfallstoff som har vore lagra i mange år. Det seier skriftene i alle fall :-)

Fin dag til deg :-)

Desiree

lørdag 11. mars 2017

Faste - dag 3 av 10

Ja det er den tredje dagen. Og det går overraskande lett.

I dag drakk eg frokost klokka ni, lunsj ca 12 og skulle drikke middag klokka fire. Klokka halv fem kom eg på at eg skulle jo ha drukke middag.

Eg er av og til svulten, men så veit eg jo at eg snart skal drikke - så det går heilt fint.

I går når vi juica prøvde vi noko nytt. Vi tok pulpen - fruktkjøttet som er att etter vi har juica, og pressa det fritt for veske i ein nøttemelkspose. Det vart heile 3,5 dl juice av det.

Når det totalt med denne ekstra porsjonen blir 2 liter juice, så er jo 3,5 dl ganske mykje. Og det enda vi bruker ein Slow Juicer. Den skal liksom få ut 90% av safta. Men, det kan jo ikkje stemme då. Ca 17 % mangler som vi presser ut.

Det var ei som var bekymra for om eg fekk i meg nok vitaminer og mineraler. Så eg har sjekka litt;

I grønnkål er der følgande;

Innhold i rå grønnkål

Vitamin A, Retinol, Beta Karoten, Lutien (svært mykje), Vitamin C og Vitamin K. Der er litt anna også.

I kalorier så er det i min dagsporsjon - 66 kalorier

Så - agurk;

Innhold i agurk

Litt Vitamin A, litt vitamin K, Kalsium, og mykje Potassium,

I kalorier så er det i min dagsporsjon - 95 kalorier

Så - grønne epler

Innhold i grønne epler

Litt vitamin A, Potassium, Phosforus, Kalsium og Vitamin C (+ anna)

I kalorier så er det i min dagsporsjon - 416 kalorier

Så stangselleri;

I stangselleri er der følgande

Vitamin A, Vitamin K, Folat, Potassium, Sodium, Kalsium, Fosfor

I kalorier så er det i min dagsporsjon - 72 kalorier

Sitron;

I sitron er der følgande

Folat, Vitamin C, Vitamin A, Potassim, Kalsium, Kopper, Magnesium

I kalorier så er det i min dagsporsjon - 58 kalorier

Til sist - ingefær

I ingefær er der følgande

Folat, Vitamin C, Potassium, Sodium, Kalsium, Magnesium og Fosfor.

I kalorier så er det i min dagsporsjon - 40 kalorier.

Så som dere ser - mykje både vitaminer og mineraler og anna i desse flotte grønnsakene.

Og totalt kaloriinnhald pr dag er 747.

Det seier seg sjølv at med 747 kaloriar pr dag så må eg bruke av reservane eg har rundt magen, lårene, overarmane, puppene, ansiktet - ja der eg har lagra fett fra tidligere måltid. Altså måltid der eg spiste meir enn kroppen trengte - og så lagra eg det for seinare bruk. Så no kan eg bruke det desse ti dagane medan eg renser kroppen for avfallstoff.

Daglig bruker eg ca 2150 kalorier. Eg har ein mistanke om at eg har spist meir enn dette i snitt. Og det er heilt greit. Så da har eg litt å gå på.

Frister det er det jo berre å prøve :-)

Desiree

fredag 10. mars 2017

Faste - dag 2 av 10

I dag er det dag to av fastinga. Det går bra så langt.

Eg har høyrt at dag tre og fire er værst, så eg er gla det er helg og eg kan slappe av.

Her skal du få sjå kva dagsrasjonen med mat er;


Dette er altså - 
fire grønne epler
to agurkar
ein bunt stangselleri
ein sitron - skrella
eit stykke ingefær - da meir om du liker det
ein pose med grønnkål og ein pose med spinat

Eg veit faktisk ikkje om eg har rett blandingsforhold. Kan være eg har litt mykje selleri og at eg kunne hatt meir grønnkål - men eg trur det er bra. 

Eg og Johannes juicer i lag - og det er veldig kjekt. 

Kvifor? Fordi eg veit at eg lever over snittet usunt, og kroppen treng rensing. 
Sidan før jul har eg spist minimalt med kjøt - kun tre ganger - julafta - nyttårsafta og når eg spiste raspeballer på Sande Kro. Og det kjem eg til å fortsette å gjere. Ete kjøt når eg et raspeballer. Trur eg i alle fall. 

I India merka eg godt at magen likte å være kjøtfri. Så eg kan vel sei eg er nesten vegetarianer. 
Men, veganer, det er det eit stykke til. Vi får sjå. I fasten er eg veganer, det er jo greit. 

Juicen eg drikk er kjempegod. Og eg er svulten nokre ganger i løpet av dagen, men det er eg jo vanligvis også. Men eg lurer på korleis det blir i helga. Da pleier eg å småspise mykje. :-) 

Og vekta? Den viste 77,7 kilo i dag tidlig. Det betyr at eg er 1,3 kilo lettare enn i går, men det er nok helst berre tarmane som blir tommare. 

Ønsker deg ei god helg! 

Desiree

torsdag 9. mars 2017

Styrke - igjen :-) Denne gangen i form av 10 dagers faste

Ja du leste rett.

10 dagers faste.

Dette har eg utsett i seks - sju år. Eg har hatt mange ulike unnskyldningar for kvifor eg ikkje har fasta med juicing. Det første var at eg hadde ikkje juicer. Den gangen eg begynte på utdannelsen til å kunne meir om rå mat - så sto valget mellom å kjøpe ein stor smoothiemaskin - Vitamix - eller ei juicemaskin. Så eg landa på smoothie - og har sidan lengta også etter ei juicemaskin.

Vel - for ein måneds tid sidan kjøpte eg meg ein slow juicer.

Og der stoppa det. Eg laga litt appelsinjuice - men eg klarte ikkje finne gnisten som skulle sette meg i gang. Så kva skjedde?

- Eg har to galne brødre. Den eine heiter Per Anders. Han har budd på Sande i 1,5 år og er no flytta heim att til Bergen. Heile denne tida juica han og drakk the mean green. Det er ein ultrasunn juice. Han ymta frampå både til meg og den andre broren min Ole Johannes - om ikkje vi skulle juice. Han hadde og ein film vi kunne sjå.

Nei det vart ikkje til at vi gjorde det. Så - siste kvelden før han skal reise - så setter Ole Johannes seg ned med familien og ser filmen med Per Anders. Og da var det gjort. Dette fekk eg vite - forrige veke. Da hadde Ole Johannes fasta i tre dager på the mean green allerede. Og da tenkte eg - fy flate - om han kan - ja då kan eg! Så brukte eg nokre dager på å mote meg opp. Og i går kjøpte eg det eg trengte til første dag. Planen min er i første omgang ti dager.

Her ser du kva eg kjøpte (frimerkene kan du sjå vekk fra)




Altså kosta dag ein meg 142 kroner. Da har eg flotta meg litt med økologisk agurk. Og sidan dei ikkje hadde grønnkål, vart det Salatblanding og spinat i staden.

Du trur det kan hende ikkje - men denne juicen vart kjempegod. Det vart også ca 2 liter, og eg drakk 0,5 liter til frokost - samme mengde til lunsj - og samme til middag - og det blir nok det samme til kvelds også.

Så kva er poenget lurer du kan hende på?

Etter opphaldet i India var det ikkje tvil om at kroppen min hadde godt av sunnare mat - og også at den hadde godt av å faste. Eg har nok vore slik at godteri har vore spist alle dagar - og mat innimellom måltida har også vore greit. Største utfordringa mi er at eg misser oversikt - og konsentrasjon. Eg gløymer også lett. Eg veit at dei som faster får bedre konsentrasjon mellom anna.

Når det gjeld vekta mi så er eg overvektig etter internasjonal standard. Problemet mitt der er at eg er fornøgd med kroppen - bortsett fra at eg har nokre flotte kjoler som er nokre nummer for små. Eg er vel str 42 og kjolane 38. Og eg innrømmer lett, eg skulle gjerne fått på meg kjolane igjen. Og kva er så vekta mi? Den er 79 kilo og eg er 169 cm høg. Sånn er det berre. Om den vil forandre seg desse ti dagane vil gjenstå å sjå. Her skal du få sjå kva eg drakk i dag; (Har eit glas att)



Eg er veldig glad for at eg liker det så godt. :-)

Eg skal innrømme - eg har tenkt eindel på mat i dag. Filmen som inspirerte? Her er linken til den;


Den er vel verdt å sjå.

Og kva har dette med styrke å gjere? Eg vil sei at å gjennomføre ei ti dagers faste vil kreve litt styrke av meg. Men kroppen vil takke meg etterpå - det veit eg :-)

Vi sjåast i morgon kveld :-)

Desiree (småsvulten)


søndag 19. februar 2017

Korleis hente styrke?

I dag er det søndag.

I dette blogginnlegget skal eg sei litt om styrke.

Veit du kva som gir deg styrke? Hender det at du kjenner deg svak?
Kva er dine styrker?

Når tankane kjem snikande, og det kan dei gjere - da kan det være fint å vite kva du kan gjere aktivt som gjer at du kjem i kontakt med styrke.

Her kan du gjere ein enkel øvelse. Prøv gjennom dagen å legge merke til når du kjenner styrke i kroppen. Er det når du skal ha handlevarene i posten og du veit det blir tungt - og du kjenner - tja, eg er jo sterk - dette klarer eg! Så tek du dei tunge handleposane og tar dei med deg ut og heim. Lett - sjølv om det er tungt.

Eller styrke kan også være når nokon spør deg om ei teneste - og du kjenner at nei - denne gangen så passer deg ikkje. Du veit du har ikkje overskot - og du har lyst til å gjere noko som gir deg kvile samstundes som energi. Og så henter du kreftene og seier Nei - eg kan ikkje gjere deg denne tenesta.

Styrke kan også være å sei neitakk når nokon tilbyr deg noko. La oss sei at du har bestemt deg for å være vegetarianer, og så tilbyr nokon deg ein matrett med kjøtt i. Du veit at om du seier at - nei takk - eg er vegetarianer, så vil det bli pes. Så da kan det være at du må hente fram styrke for å sei ifra om at du har endra livsstil.

Eg kjenner på styrke ved ulike anledninger. Ein av dei er når eg er i skogen og jobber med ved.
Her kan du sjå ein video der eg sager ned eit tre - og kjenner på masse styrke!

Desiree sager ned ei bjørk

Men så er det interessant. Egoet vårt - det er ikkje alltid så gla i at vi kjenner styrken vår. Det kan komme snikande med tankar om kvifor dette ikkje er så lurt. Egoet og offeret jobber i lag for å trykke deg litt ned. Her seier eg litt om det;

Krefter i skogen

Når er du i kontakt med styrke? Har du fått nye tankar om det etter du starta å lese blogginnlegget? Om du ikkje anar korleis du gjer det så kan du legge merke til gjennom dagen når du kjenner det og eventuelt skrive det ned. Og kjenner du svakhet - så kan du hente fram dei tinga du gjer for å bli sterk og gjere nokon av dei tinga.

Følg meg gjerne på youtube.

Styrke - Desiree - 19. februar 2017

lørdag 11. februar 2017

Styrke - offer

Laurdag morgon 11. februar klokka 09.15

Hender det at du kjenner deg som eit offer? Du føler at hadde berre ting vore annleis, så hadde alt vore bra? Og at det har ikkje noko med deg å gjere, det er situasjonen, dei andre, miljøet eller samfunnet sin feil at du er der du er?

For meg er det å være eit offer på ein måte det motsette av å være i kontakt med styrke. Stakkars meg, Desiree, eg er så svak. Hadde berre den personen oppført seg annleis, den valutaen vore svakare, været vore bedre, ja då hadde eg hatt det fint. Eg er i offerrolla. Og der er eg så lenge eg sjølv vel å være der. 

Så vaknar eg brått opp - hey vent! Dette er jo mitt valg! Eg kan no velge å forholde meg annleis til situasjonen, og foreta grep. Men for å gjere dette fordrar det to ting altså - oppvåkninga - og evne til å forstå at no er eg i valsituasjonen.

Eg følger ein guru som heiter Sadhguru. Han hevdar at ca kvart 45 minutt så er der eit vindu, ein opning så gir oss sjangsen til å endre livet. Det kan være når intuisjonen seier - eit glas vatn du - det hadde vore noko. Så slår egoet inn - nei kaffi du, stakkars deg, du jobber jo så hardt - du fortjener no ein kopp kaffi. Og vinduet lukkar seg - og det er ikkje sikkert eg oppfatta at det faktisk var eit vindu.

Eit slikt vindu kan også være når tanken slår ned i meg - skal eg ringe til Berit på Andøya? Så slår egoet inn - nei, ho er no sikkert opptatt med noko som er viktigare enn å snakke med deg Desiree, du må ikkje tru at du er nokon ho vil bruke tid på, nei fortsett med ditt du... Og det å forstå at egoet er ikkje noko som spelar på lag med meg - det kan ta tid å forstå. Egoet vil ikkje at eg skal endre mønster - da mister egoet kontroll.

Styrke -

Det skjedde noko heilt utrulig i går. Eg er med i ei gruppe på Facebook - det er ei gruppe som jobber med Loven om tiltrekning. Den er så enkel at det du sender ut det får du tilbake. Sender du ut kjærlighet så får du kjærlighet tilbake - sender du ut dritt så får du dritt tilbake. - Jammen! Roper offeret! Det er ikkje min feil! ... Hehe, og da har eg det gåande. Jo, det er min feil. Plassen eg er på i dag er ein sum av alle mine valg. Og om eg ikkje er fornøgd med her eg er - ja da må eg tenke meg om neste gang eg har eit valg. Og dei valga kjem jo som perler på ei snor heile tida.

I alle fall - i gruppa var det ei vakker dame som posta ein video. Ho skulle på retreat i Nepal, og eg vart heilt facinert og tiltrekt av henne. Eg kunne kjenne at der ho er - ja, der vil eg også være. Når eg sjekka litt meir viste det seg at ho skulle på ein 21 dagers retreat med Durga som tema. Durga er ei gudinne som representerer styrke. Åh - tenk å få være med på det? Og da var det at det opna seg eit vindu. Åja, du vil komme i kontakt med styrke Desiree? Du vil ikkje være eit offer?

Sidesprang - dann og vann dei siste åra så har eg gått tur i skogen. Det er ein del av den Trondhjemske postruta. Halvvegs er der ei myr, og den er så våt at eg må gå med støvlar om eg skal gå tværs over den. For nokre år sidan spurte eg bonden om det var mulig å gjere noko med den myra. Ja, han snakka om å legge på nokre pallar og så sjå korleis det ville være. Det vart med praten. Og kvar gang eg går over myra har eg tenkt "Vi skulle gjort noko med denne myra".

Så da sa Durga til meg - om du ikkje vil være eit offer så kan du jo lage din eigen vesle retreat i morgon føremiddag? Det er fullmåne, den einaste planen du har er om kvelden å kose deg sammen med ei handfull vakre kvinner. For første gang arrangerer vi fullmåneseremoni - og eg gleder meg som ein unge. Altså Durga - så sa ho til meg - du tar ein palle - så drar du den etter deg den kilometeren det er opp til myra. Og når du gjer det så kjem du i kontakt med styrke - og offeret som har synest synd på seg sjølv, det må nesten berre stilne - for du tar kontroll og ordner opp!

For ein tilfredstillelse det var. Å sjå det opne vindauget - og så tørre å sei JA! dette vil eg! Og no - no skal eg ut og dra ein palle. Så kjem eg tilbake om ei stund.

Her er altså pallen eg skal dra. Den er ikkje vasstrukken så den er heilt grei i vekt;


Og her ein liten videosnutt om kva planen no er;

Korleis skal eg dra pallen?

Og no når eg skriv dette - så kjem tankar om tvil. Er dette virkelig noko å dele? Vil andre bli inspirert til å gjere noko som dei føler kan være ein bøyg? Vil dei få lyst til å hente fram kraft i seg? Det er jo det eg har lyst til. At du skal reise deg opp og sei - nei fy flate no er det jammen nok! :-) No tar eg skjeia i den andre handa og får sving på sakene.

Vel - vil du sjå korleis det gjekk etter eg hadde gjort unna dei første flatene?

Rull ny film;

No kjem oppoverbakkane

Så spør eg deg - kva gjer det med deg å sjå at nokon er fornøgde med seg sjølv? Får du den stikkande ekle følelsen - sjå på ho der da - ho trur ho er noko - .. eller tenker du .. fy flate så bra - no skal eg jammen gå ut og flytte på dei store steinane som har irritert meg - eller no skal eg sette meg ned og bestille dei flotte blomstrane som eg vil plante om nokre veker. Kan du kjenne at du blir dradd ned? Eller kjenner du at du blir løfta opp? Om du klarer å kjenne etter og utforske det - så kan du oppedaga noko nytt ved deg sjølv.

Nytt kosebilde;

No er eg komt opp til Tunvald - der er det ein postkasse med ei bok der ein kan skrive navnet sitt. No er det ikkje langt igjen.

Eg veit med meg sjølv at korleis eg forheld meg til andre - det er ein god peikepinn på kor godt eg har det med meg sjølv. Om eg stadig hater nokon, sjikanerer nokon, sladrer om andre, klager på kommunen, klager på butikkene eg handler i, syter på bussrutene - ja og andre negative ting, så er det eit bilde på at eg egnetlig ikkje har det så bra. Men når eg har det bra med meg sjølv, da ser eg få problemer rundt meg, men heller utfordringer som eg gleder meg til å løyse.

Endelig framme;

Pallen er framme

Ja så lett er det altså å komme i kontakt med styrke. Styrke og følelsen av at eg har mulighet til å påvirke kor bra livet mitt er.

Dette kan eg i høgste grad sei ja til!

Tusen takk til Durga - gudinna som står for styrke. Som minte meg på at styrken er inni meg - og at det er opp til meg om eg vil ha kontakt med den. Det er ein innvendig jobb - heldigvis. Tenk om eg skulle være avhengig av andre for at eg skulle finne den? No fekk eg jo på ein måte støtte utanifra, men det var opp til meg om eg fekk auge på det opne vindauget, eller om eg lot det gå forbi.

Eg minner deg om webinaret torsdag klokka 10.00 Det er eit opent webinar der du kan stille spørsmål til meg - send dei gjerne til meg på forhånd til 99274877. Spørsmålet ønsker eg er relatert til ei utfordring du har i livet.

Tusen takk for at du les bloggen - tusen takk for at du følger meg - tusen takk for inspirasjon og glede.

Klem fra Desiree






tirsdag 7. februar 2017

Å prokastinere

Kva er det eigentlig å prokastinere?

Jo, det er når eg skal gjere noko som er relativt viktig. Det er så viktig at om det var ein einaste ting eg skulle gjere den dagen, og det MÅTTE eg gjere før eg la meg - og så poppar det opp tusen andre uvesentlige små ting som eg berre må gjere før eg skal gjere den eigentlige viktige tingen. All slags rot blir rydda opp i, ting blir sortert og for kvar ting som blir gjort så veit eg etande godt kva eg egentlig skulle ha gjort og kor viktig det er.

Så kva er det eg prokastinerer for i dag?

Jo, eg har sagt at eg 16. februar klokka 10.00 skal ha Webinar. Det er eit ope webinar med spørsmål og svar. Og eg gruer meg. Og eg er spent og eg gleder meg. Det er mitt første.

Men - så er det det at eg veit ikkje korleis det fungerer. Dvs eg veit kva plattform eg skal bruke, og utover det har eg ikkje peiling. Og det er det eg skal utforske i kveld. Ni dager før, det er jo god tid. Men, eg kjem liksom ikkje heilt i gang.

No trur eg eg skal begrense ryddinga til skrivebordet mitt - ja og kan hende stova her. Og når det er i boks - DÅ då skal eg finne ut korleis det derre webinaret egentlig fungerer.

Hender det at du prokastinerer?

Eg veit eg gjer det for den tingen eg egentlig skal gjere den er litt skummel. Og den er eit steg på veien til noko eg har så utrulig lyst til å gjere meir av, nemlig være Zen-Coach. Ein sånn som hjelper deg og deg til å kjenne etter kva som er viktig for deg, og kva som skal til for at du kan gjere det du har mest lyst til. Eg vil være ein sånn som kan trykke på knappen i deg som gjer at lyspæra kjem på. Det er så kjekt når det skjer. Og det skjer ofte.

No skal eg berre først... og SÅ :-)

Ønsker deg ein fin kveld eller dag - kor du no enn er :-)

Desiree - Zen Coach

onsdag 1. februar 2017

Tårer og tenners gnissel

Har du nokon gong opplevd det?

Det skjer noko - du tenker på noko som har skjedde, eller nokon seier noko til deg og så kjem tårene. Dei pressar seg på. For min del bygger det seg opp i brystkassen og eg kan kjenne at tårekanalane begynner å fylles med tårer. Lenge før tårene kjem ut i augene kan eg kjenne at eg grin.

For min del skjer det sjeldnare enn før. Når eg var liten kalla mora mi tårene for krokodilletårer. Når ho sa det så visste eg at der var ingen trøst å få. Skulle eg få trøst måtte det blø fra kneet, men om eg kjente meg urettferdig behandla, da var det ingen trøst.

Av og til skjer det at tårene kjem. I videoen under fortel eg litt om dette;

Når tårene kjem

Det er klart - ho som klaga er i sin fulle rett. Eg har jo lova å sende om bestillinga kjem inn før 12.00 Dette hender av og til - og når eg da seier ifra så pleier eg å få forsikringer om at det ikkje hasta og at det går heilt fint at det går ein dag ektra.

Så kva betyr det då - når eg blir så lei meg? Ho som klaga speiler berre noko i meg sjølv. Eg verdset ikkje meg sjølv høgt nok. Eg er kritisk til at det eg gjer ikkje er godt nok. Det er så mykje eg kunne gjort bedre. Så da må eg minne meg på - alltid gjer ditt beste. Og mitt beste er forskjellig fra dag til dag. Når eg så blir lei meg - så er det ei påminning om at eg kan stille for høge krav til meg sjølv, og eg fekk eit tips at eg kunne endre litt ordlyden om at "kjem bestillinga inn før 12.00 - så gjer eg kva eg kan - for å sende samme dag."

Da gir eg meg sjølv den slakken - som eg har lyst at andre skal gi meg. Og vel så viktig at eg gir andre den slakken. At det er heilt ok at dei gløymer avtaler eller at dei gjer andre ting som eg ikkje alltid kan forstå. Det at eg aksepterer at dei gløymer betyr ikkje at dei kan gjere det gang på gang. Det gir meg ein sjangse til å sei ifra. At når vi avtaler klokka tolv, da setter eg av tid til meg og deg - og da er det litt dumt om du avlyser og utan å sei ifra. Eg kan ikkje klandre den andre. Den andre gjer alltid så godt den kan. Og eg kan jo da minne meg sjølv også på det - eg gjer så godt eg kan, og det er ulikt fra dag til dag.

Som nevnt tidligare i denne bloggen så er eg Zen-Coach. Har du ei utfordring som du gjerne vil utforske - og du føler at venninna ikkje strekk til (ofte tyr vi til venninner i ein slik situasjon) - eller du står fast og kjem ikkje vidare - da an Zen Coaching være noko for deg. Her fortel eg litt om kva det er;

Eg er Zen-Coach og kva er det?

Ønsker du å bestille time så ta kontakt på 99274877 og avtal tid.
Det koster 750 kr for ein time.

Dersom du kjenner du har behov for fleire timar?

3 timer koster 2100

5 timar kostar 3250

Beste helsing fra Desiree

Takk for at du følger meg :-)


mandag 23. januar 2017

Å meditere - to meditate

To meditate. To sit still on a cushion and not think.

Very easy? Very difficult.

I have had large resistance towards meditating. But, after a stay in India With Soulspring, where we did 24 hours of silence, I felt I was more ready than before. I have been meditating for years, but I have had big resistance.

Insight Timer is a good app and it can be of great support if  you want to meditate. 1.st of january they started a 365 day meditation Journey wich I warmly reccomend. Here you can see how the screenshot looks like, you get in and find the list. Then you start on day 1 With one minute of meditation.

I am at day 2 - and will take more every day till I get ajour

All the best from Desiree

------

Å meditere. Å sitte stille på ei pute og ikkje tenke.

Veldig lett? Veldig vanskelig.

Eg har hatt stor motstand mot å meditere. Men, etter eit opphald i India med Soulspring, der vi hadde 24 timers stillhet - så kjente eg at eg var meir klar enn før. Eg har meditert i fleire år, men eg har hatt stor motstand.

Insight Timer er ein bra app som kan være eit godt hjelpemiddel om du har lyst til å meditere. 1. januar i år starta dei ein 365 dagers meditasjonsreise som eg anbefaler varmt. Her ser du korleis skjermbildet ser ut, du klikker deg inn og finn lista. Så starter du på dag 1 med 1 minutt med meditasjon.

Eg er på dag 2. og kjem nok til å ta litt tettere meditasjoner så eg kjem snart opp og er ajour.

Lykke til!

MVH Desiree

søndag 22. januar 2017

What about me?

Did you ever feel like its not me - it them?

Its not my fault I am at this Place, its their fault.

If it wasnt for them - I would be in a better Place.

If only they would change - my life would be better.

-

Sorry.

You are the only one that can change. Maybe they will - and maybe they will change first after you have changed .

Here is a most beloved Movie regarding this -

What about me;

The Movie - What about me?

---

Har du nokon gong følt at det er ikkje meg - det er dei?

Det er ikkje min feil at eg er her på denne plassen - det er deira feil.

Om det ikkje var for dei - så ville eg være på ein bedre plass.

Om berre dei ville forandre seg - så ville livet mitt være bedre.

--

Beklager.

Du er den einaste som kan forandre deg. Kan hende dei vil - og kan hende dei vil forandre seg først etter du har forandra deg.

Her er ein høgt skatta film om dette;

What about me?

Filmen - kva med meg?

------

Ynskjer du ein Zen-Coach time? Send sms til 99274877 og avtal tid. Pris 750 kr pr time.

Eg er her for deg - Desiree