søndag 12. mars 2017

Faste - dag 4 av 10


Dag fire har gått veldig bra. Men så har eg også hatt ein veldig rolig dag. Johannes synest det er kjekt å være med å juice, så det hjelper på. Familien støttar meg og det er også veldig bra. I dag og i går har eg lukta ein del på mat. Og mat lukter veldig godt. Eg legger merke til at ein stor del av opplevelsen er jo lukta. Men eg synest foreløpig ikkje synd i meg sjølv fordi eg faster - og eg håper eg ikkje kjem til å gjere det heller.

Normalt så har eg mykje dårlig samvit for det eg et, enten det er det eine eller det andre. Så det slepp eg i alle fall når eg faster. Under ser du Johannes i sving med å lage juice;


Eg ser at videoen ikkje virker. Eg skal laste den opp på youtube og ordne det litt seinere i kveld.


Så eit bilde av det som blir til overs når vi har juica. Veit du - eg klarer ikkje hugse om eg posta dette bildet i går, men eg trur ikkje det. Om eg gjorde det så får du bære over med meg.


Kvifor skriv eg blogginnlegg om dette? Eg trur det kan finnast andre der ute som har lurt på å faste, og om eg kan inspirere andre til å gjere det så er det kjekt. Inspirasjon kan komme fra så mange plasser.

For dei som lurer på vekta - så kan eg fortelle at eg til no har gått ned tre kilo. Utfordringa eg har hatt tidligare har vore at eg har hatt mykje vatn i kroppen. Eg er spent på om dette vil forandre seg etter fasten. Ei faste får ut masse avfallstoff av kroppen, og det kan være avfallstoff som har vore lagra i mange år. Det seier skriftene i alle fall :-)

Fin dag til deg :-)

Desiree

2 kommentarer:

  1. Det er veldig kjekt å følge fasten din dag for dag, og eg ser at du får mykje mindre "avfall" etter at du har pressa ut safta, så min juicemaskin legg att mykje saft med fibrane.
    Kan du sende meg ein pm om kva juicermodell du bruker og om du synes avfallet er tørt etter at juicen er pressa ut?
    Kjempebra at du har fått ut mykje veske frå kroppen :-) stå på Desiree!!!!! <3
    Evy-Ann

    SvarSlett