søndag 19. mars 2017

Fasten er over


No er det dag 11 sidan eg begynte å faste - og eg avbraut fasten i går kveld. 

Det har gått overraskande godt. Eg har tenkt mykje på kva eg skal ete når fasten var over, og i dag er eg her. Dagen i går brukte eg mykje på matlaging. Det eg lagte var ting eg har drømt om lenge, men som ikkje er blitt prioritert. Det første eg sette i gang med var rugbrød. Eg fann ei oppskrift på nettet som eg gjorde litt om på. 

Brøda vart gode og eg fekk heile fire brød. Tre av dei er delt i to og ligg i frysen. Rugbrød blir det nok primært eg som et i familien. 

Vidare hadde eg lyst til å lage granola - eller frokostblanding. Her brukte eg ein blanding av nøtter og frø og havregryn. Det finnes drøssevis av oppskrifter på nettet på dette - om du blir inspirert til å lage så finn ei oppskrift som klinger i deg og bruk den. Smak og behag er så forskjelig. 


Eg kan no berre sei at den vart supergod! 

Så om kvelden avbraut eg fasten med herlig vegetarpizza. 

Eg har spist minimalt med kjøt sidan før jul, og det passer meg heilt fint. Eg har litt ulikt vegetar alternativ i frysen når resten av familien har kjøt til middag. Dette er noko eg har lengta etter i mange år og eg er takknemlig for at eg er komt der eg er i dag. 

Men så - ein stor overraskelse. Eg kjøpte også ei flaske vin der eg trudde eg skulle kose meg med til pizzaen. Men fy og fy. Den smakte sukkerlake. Så noko har skjedd med smaksløkane mine. Denne kvelden vart eit takk og farvel til Beringer California :-( 


Dette er ein rosevin eg har drukke dei siste åra, eg får migrene når eg drikk alkohol, men denne har eg kunne drukke eit glas av (eller tre). Som regel når det stikk på tunga veit eg at dette kan eg ikkje drikke. Denne gangen vart eg overraska over at det eg har likt i mange år, no var ikkje godt i det heile. Er smaksløkane skjerpa etter fasten? 

For meg har det vore ein positiv opplevelse totalt. Eg har vore mykje svolten uten at det har vore eit problem. Eg veit at når eg faster neste gang så skal eg ikkje halde meg til fire måltid (ei halvliterflaske kvar gang) men eg skal drikke nokre slurkar kvar gang eg er svulten. Framover kjem eg til å faste ein dag i veka og av og til tre dager. 

Skal du faste anbefaler alle nettsider eg har vore inne på at du først går til legen og blir enig med legen om at dette er ok å gjere. Spesielt om du går på medisin er dette viktig. 

Eg håper med dette at eg har rensa kroppen tilsrekkelig og at eg vil halde meg her ei tid. Eg er spent på om vatnet kjem tilbake eller kva som skjer. 

Kva er mine forsett framover? 

Spise godteri kun lørdager. 
Spise meir rein mat. 
Faste ein dag i veka. 

Ta meg tid til å lage maten fra bunnen av og kose meg når eg et. Være til stades. 

Og på syrommet? Der skal eg alltid ha eit glas med vatn som eg tyr til der eg ellers ville strukke handa ut etter skåla med snop. 

Dersom du vil utforske om du vil faste - eller kvifor du ikkje har sylyst - eller noko anna som du er opptatt av eller som utfordrer deg så gir eg zencoacing timer. Prisen er 750 kroner for ein time og kan gjerast via skype eller telefon. Send sms til 99274877 for å avtale tid. 

Tusen takk :-) 

Desiree

1 kommentar:

  1. Spennnade å vere med på reisa di, eg lurer på kor mykje du følte var ok å ete den kvelden du braut fasten? Opplevde du at kroppen sjølv sa ifrå om at no var det nok fast føde?
    Eg er kjempeglad i pizza og hadde sikkert slukt mange stykker innen mageknipa tok meg, hehe.
    Eg har starta opp å lage juice som eg har til frokost og lunsj, så et eg middag og litt kvelds. Eg skulle starte opp faste denne veka sidan sonen min skulle vere ei veke hos far sin, men så blei ikkje det likevel, men eg blir aleine frå torsdag til søndag kveld, så då tenkte eg å prøve ut ein liten faste på 3 dager, og klarer eg å lage mat til guten utan å bli frista sjølv så vil eg prøve litt fleire dager :-)
    Eg har også ein del vatn i kroppen som eg vil bli av med, så eg er spente på om du føler at kroppen slepper veksa lettare no enn før fasten.
    Klem frå Evy-Ann på Smøla :-)

    SvarSlett