onsdag 15. mars 2017

Sukker - dag seks i fasten - eller er det dag sju?

Så langt er det komt. Eg er gått i surr.

Eg må sjå på kva eg har skrevet ned for å hugse kva dag eg er komt til.

Når eg tenker meg om er lørdag siste dag, så da er det tiende dagen.
Fredag - ni. Torsdag - åtte og da blir onsdag sju.

Eg tenker ein del på kva eg skal ete når fasten er over. Eg veit eg
har vore avhengig av sukker. Sukker har for meg vore ei trøyst,
trøyst når eg følte at - huff - stakkars meg ditt og datt. Det har og
vore belønning - flinke deg - her har du litt sukker :-)

Vel - no går eg med tankar om å spise slikt kun på lørdagen.
Eg veit. Dette er ikkje noko nytt. Mange gjer det. Men eg har ikkje gjort det.

Eg går også med tankar om å ete sunnare. Eg veit eg vil sette meir pris på kva eg et - det er i alle
fall sikkert.

Men sukker. Det er farlige greier det. Så eg skal prøve å halde meg unna.

Svolten? Ja. Ja, eg er svolten i løpet av dagen. Men juicen eg drikk er veldig god.

Og her har du ein Ted-talk om sukker. Robert som snakka hadde ein forelesning på 1,5 time om kor farlig sukker er - men den vart veldig komplisert. Så her skal du få den i litt lettare format;

Sukker - elefanten i kjøkkenet

Eg veit at fasting er bra for fordøyelsessystemet. Det får ein liten ferie liksom.
Og eg tenker at det skal få ein slik ferie to dager i veka framover, etter fasten.

Så får vi sjå.

Eg kan ikkje sei at eg har trengt styrke. Eg har berre visst at det varer i ti dager. Og eg veit også
at kroppen er veldig takknemlig.

Desiree

3 kommentarer:

  1. Kjempebra link :-) takk Desiree <3

    SvarSlett
  2. og - kjekt å lese refleksjonane dine omkring fasten :-)
    Tenk, no er du snart i mål, berre 3 dager att. Kanskje du til og med fortsetter? ;-)
    Eg drakk min grønne juice i dag som frokost, har spsist vanleg lunsj og middag. Den smaka bedre enn når eg blander inn rødbete, då blir det søtare og meir jordete smak :-) SKal lage juice av rødbete for seg sjølv trur eg ;-)
    Eg vil også prøve dette, og skal starte forsiktig med å bytte ut eitt måltid om gongen :-)
    Gleder meg til kva du synes når du er ferdig. Lukke til vidare.

    SvarSlett
  3. Så kjekt at du er blitt inspirert. Det viktigaste er at du gjer det som kjennest rett for deg :-)

    SvarSlett