lørdag 17. juni 2017

Styrke og Via Ferrata i Loen

Via Ferrata i Loen.

Ein slik ting som har festa seg i meg at eg har lyst til å gjere. Kvifor? Litt vanskelig å sei. Eg er ikkje interessert i klatring. Eg går lite i fjellet - men liker jo følelsen når eg kjem på toppen. Så skulle det ha seg slik at vi får besøk fra USA seinere i sommer, og vi tenkte at det kunne være noko å ta dei med på. Men med mitt forhold til fjellet så måtte vi nesten teste det ut før vi kunne sei at det var noko vi skulle ta gjestene med på.

Her er vi før start;

Rett opp på bildet ved hjelmen til Inge kan du sjå kvar det var vi skulle klatre. Først var det grusvei til starten på stien og her kan du sjå på filmen korleis det såg ut der - vi var superheldige med været i starten;


Opp hit tok det ca 15 minutt. Her rann det ei elv der vi kunne fylle vatnflaskene våre (for siste gang). Så vi drakk oss utørste og fylte flaskene. Så var det å begynne på stien. Det er ein bratt sti - nesten som trappetrinn. Etter ein liten time kom vi til der klatringa skulle starte. Vi diskuterer litt om det er klatring - vi har altså ein sele rundt livet og beina - og så har vi to karabinkrokar som vi fester i vaieren etterkvart som vi klatrer opp. Nokre plasser er der sprekker i fjellet vi kan klatre i - andre plasser er det loddrett og ingenting å stikke foten inn i  - der må vi berre gå oppover fjellet. 

Her kan du få eit lite inntrykk av kor bratt det er. Når eg ser bak meg nedover ser eg berre hodeskallane/hjelmane på dei andre. Ei venninne hadde fortalt meg at det vart mykje venting når vi klatra - og det gjorde at eg var avslappa i forhold til om eg kom til å klare det. Fleire ganger kom eg til ein plass der eg tenkte - kva i granskauen gjer eg no? Men somregel så var det jo berre å sette beina i fjellveggen og gå seg oppover. "berre"


Så kva har dette med styrke å gjere? Dei av dåke som kjenner meg veit at eg bruker mest tid bak symaskina og på yogamatta. Eg trener så og sei aldri - da eg kaller ikkje yoga trening. Yoga er noko anna. På yogamatta blir eg sterk - uthaldande. Dei siste vekene har eg om morgonen gjort nye yogatimer (som eg finner på gaia.com) og det som er så fint med dei er at eg aner aldri korleis timen er. Og det kan eg godt sammenligne med klatringa i dag. Eg visste aldri korleis neste etappe var - og det var berre å ta ein etappe om gangen. Ein etappe er ca 2 meter. Eg ante aldri korleis etappen etter det var. Nokre ganger henta eg fram urkreftene og heisa meg opp etter armane. Her kunne eg sikkert brukt tauet meir og strake bein, men det gjekk no fint. 

I videoen under er vi nesten komt opp til hengebrua. Mange i gruppa snakka om kor gøy det var - men nei, den følelsen hadde eg ikkje i det heile. Eg var stolt over med sjølv at eg gjennomførte - samtidig var der aldri tanker om at eg ikkje kom til å klare det. Det var ein god følelse å ha dei kreftene som skulle til for å komme seg opp. Og også ein god følelse å ikkje reagere på høgden i det heile. 

Utsikten er rett og slett fantastisk. Og følelsen av at eg kom opp ein plass der du ser berre ingenting fordi det er så bratt - det er ein god følelse. No er det berre resten att. Ein liten smakebit av hengebrua ser du her; 


Ein kort video - eg måtte halde meg fast. 

Siste rest gjekk veldig bra det og. Eg veit ikkje om det er ein tur eg vil anbefale nokon å gjere. Det blir litt som med yogaen - det må komme innanifra. Jaja, eg anbefaler jo yoga også - om enn mindre enn før. Etter hengebrua hadde vi ein liten pause før vi tok siste rest. Og på toppen - ein fin restaurant der vi spiste oss ein burger. Deilig mjukt teppe å gå berrføtt på - regnet som hølja ned - vi var så heldige - regnet kom ein halvtime før vi var framme. 

Eit lite klatrebilde. 


Hengebrua

Og vel framme; 


Eg er takknemlig for styrke, at eg ikkje er redd for høgder og uthaldenheit - og godt turfølge :-)